Få billettar! Hordaland Teater presenterer: Stones in his pockets

Arrangementsinformasjon
Default file 1487704793

Ein prisvinnande tragikomedie

Ein ny storfilm skal spelast inn inn på den irske landsbygda, og Charles og Jakob har ordna seg statistjobbar på settet. Korleis reagerer det vesle lokalsamfunnet på møte med ein filmmafia av sleske produsentar og verdsvante divaer? 

Med få kostymeskift og rekvisittar, kun ved hjelp av kroppsspråk og stemme portretterer Anders Dale  og Svein Harry Hauge alle de 18 ulike personene i stykket. 

Stykket hadde urpremiere som pubteater i 1998, og har sidan gått for fulle hus på tre forskjellige scenar i London. Stykket har mottatt ei rekke prisar som beste komedie og nykommar. I Norge er stykket mest kjent med Kåre Conradi og Øystein Reger i rollane.

Stones in his pockets går framleis for fulle hus både på Broadway i New York og i West End  i London. Stykket vert spelt over heile verda, blant anna i Brasil, New Zealand, Sør-Afrika, Israel og Japan.


OM DEI MEDVERKANDE:

Anders Dale  er frå Bergen og kom direkte fra Statens Teaterhøgskole til Rogaland Teater i 1994, der han debuterte som Joe i Tony Kushners Engler i Amerika.

Han har spelt i ei lang rekke framsyningar ved Rogaland Teater der han framleis er fast tilsett skodespelar. I 2001 spelte Dale hovudrolla i Amadeus på Den Nationale Scene under Festspillene i Bergen. Anders Dale har vore i permisjon fra Rogaland Teater og har blant annet spelt i En handelsreisendes død på Den Nationale Scene i Bergen. Våren 2012 hadde han regi på Blackbird ved Den Nationale Scene i Bergen Hausten 2010 spelte han Ole Bull i Jeg bygger luftslott ved Hordaland Teater. Han er for tida aktuell  i Orlando og i Et dukkehjem på Rogaland Teater.

Svein Harry Hauge er utdanna ved Statens Teaterhøgskole, og har etter endt utdanning jobba ved blant anna Teater Ibsen, Oslo Nye Teater og Rogaland Teater. I tillegg til sitt virke som skodespelar har han også erfaring som regissør, dramatikar og kunstnerisk leiar.

I 2010 vart han nominert til Heddaprisen for sin rolle i John Gabriel Borkmann,og mottok Bibelprisen i 2007 for rolla som Josef i framsyninga «Jesus, gutten min».

Svein Harry starta si teaterkarriere i Tromsø, med frigruppa Cumulus i 1988. Hausten 2015 medvirka Svein Harry i musikalen I blanke messingen og våren 2016 spelte han i Jaktlaget av Jo Strømgren. Denne hausten speler han i Landstrykere – fritt etter Hamsuns August

Pris:
Vaksen: kr 290
Ungdom/student (14 - 26 år mot gyldig studentprov): kr 150

holmatun
hordalandteater

Restriksjoner

Ingen refusjon på kjøpte billettar